Tilbake
Gyldendal
Gyldendal
Gyldendal
Per Egil Larsen

Dei vonde tekstane 2019-20

Den Kulturelle Skolesekken: I ungdomsbøkene sine tek Anders Totland opp alvorlege tema som sjukdom, død og overgrep. Kva er det som gjer at han skrive om så vanskelege tema?

Lærerveiledning

Dei vonde tekstane

BESØKET:

I denne formidlinga tar han utgangspunkt i korleis han jobbar med tunge tema, utan å ha opplevd det han sjølv skriv om, og snakkar om korleis ein kan bygge opp ei historie. Han tek utgangspunkt i arbeidet med "Engel i snøen", "Så lenge ingen ser oss" og "Nedteljing", og legg opp til aktiv deltaking frå elevane i samtale og diskusjon. Med ein kombinasjon av alvor og humor opnar han opp for at elevane får ei annleis litteraturoppleving. Dersom det er eit piano i rommet, bruker han gjerne det, og spelar medan han les.

BØKENE: 

ENGEL I SNØEN

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk. Nokon har snart bursdag. Nokon skal snart døy.

SÅ LENGE INGEN SER OSS

Det er ingen som ser oss her, seier Ole, den nye stefaren til Jon. Jon har hatt ein del av dei. Men Ole er annleis. Han lagar pannekaker, legg frem gymtøy og passar på at det er nok mat i huset til nistepakkar. Han melder seg til og med som trenar for det nye gutefotball-laget i bygda! Og er skikkelig nøye og ordentleg. Han blir til og med med inn i garderoben for å passa på at alle dusjar etter trening. Ja, Ole er verkeleg super. Ein dag spør han om Jon vil vera med på campingtur. Berre dei to! Jon blir flau av glede. Klart han vil!

Det er berre det at Ole ikkje er heilt den same på camping som elles. Og Jon er ikkje den same etterpå. Men kven vil tru på Jon når han til slutt fortel det som må forteljast?

NEDTELJING

Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han møter på internett som henta ut av ein våt draum. Men kva skjer når draumen blir til mareritt?

For at besøket skal fungere som lesestimulering bør bøkene være tilgjengelig i forkant og etterkant.  Undersøk gjerne om Skoleboksentralen ved Buskerud fylkesbibliotek har klassesett å låne bort: skolebok@bfk.no

ANDRE LESEFORSLAG: 

John Green: Faen ta skjebnen (Gyldendal 2013) ; Guro Hoftun Gjestad: Ord på S (Gyldendal 2015) ; Jennifer Niven: Dager med blå himmel (Schibsted 2015) ; Synne Sun Løes: Tilstrekkelig vakkert (Cappelen Damm 2010) ; Kari Saanum: Elefanten i rommet (Omnipax 2013).


Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

NORSK: *samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film ; *lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger ; *presentere tema og uttrykksmåter i et utvalg sentrale samtidstekster ; presentere resultatet av fordypning i to selvvalgte emner: et forfatterskap, et litterært emne eller et språklig emne, og begrunne valg av tekster og emne ;

SAMFUNNSFAG: *analysere kjønnsroller i skildringar av seksualitet og forklare skilnaden på ønskt seksuell kontakt og seksuelle overgrep ;

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Anders Totland
  • Idé/opplegg: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

FORFATTAREN:

Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar. Han har tidlegare jobba som organist og journalist, men er i dag forfattar på fulltid. Han har gitt ut i alt fem bøker, og vann Nynorsk barnelitteraturpris for "Engel i snøen" i 2016. Han vann Leser søker sin pris Ordknappen for "Så lenge ingen ser oss" i 2018. 

Ein kan lese meir om Anders Totland på denne sida:

https://totlanders.wordpress.com/


Publikumskommentarer